Retningslinjer for brannvarslingsanlegg

Utløyst forvarsel:

Dersom eit forvarsel blir utløyst, vil sentralen pipe, det vil lyse i dioden merka ‘forvarsel’, og det vil komme opp informasjon i displayet om kva detektor det gjeld. Vri om nøkkel, trykk ‘avstill klokker’ og ventiler / luft ut. Etter lufting trykker ein ‘tilbakestill’. Dersom det fortsatt er nok røyk i rommet vil detektoren gå i forvarsel på nytt, evt i alarm dersom røykmengda har auka. Støv kan og forårsake forvarsel.

Utløyst alarm i egen leilighet:

Alarmen vil først gå i leiligheten den er utløyst i. Ein har då eit par minutt på seg til å evt.lufte ut og springe ned og avstille og tilbakestille sentralen før alarmen går på heile bygget. Støv kan og utløyse brannalarmen.

Dersom det er eit reelt branntilløp, gjelder branninstruks.

Dersom ein manuell melder (raud boks med glas ved utgongsdør) blir utløyst, vil alarmen umiddelbart gå på heile bygget. Bruk desse dersom evakuering er nødvendig.

Utløyst alarm i fellesområde:

Alarmen vil gå på heile bygget. Ventiler, avstill og tilbakestill hvis dette skuldast eit uhell. Dersom det er eit reelt branntilløp, gjelder branninstruks.

Dersom ein manuell melder (raud boks med glas ved utgongsdør) blir utløyst, vil alarmen umiddelbart gå på heile bygget. Bruk desse dersom evakuering er nødvendig.

Flytting av detektor:

Ved behov for flytting av ein detektor (for eksempel pga malearbeid o.l), følg retningslinjer gitt av styret. Dette for å unngå irritasjon pga piping i sentral og evt kostbare utrykninger av servicehaver på anlegget. Påløpte kostnader som følge av feil bruk eller at retningslinjer ikkje er fulgt, vil bli fakturert eigar av leiligheten der problemet har oppstått.

Generelt om brannvarslingsanlegget:

Brannvarslingsanlegget i Mikkalen Sameie er eit adressert anlegg. Dette betyr av kvar enkelt detektor har ei eiga adresse som vil komme opp på sentralen ved feil, forvarsel og alarmer.

Alle hendelser i brannvarslingsanlegget blir lagra i loggfiler, som blir gjennomgått ved service.

Brannvarslingsanlegget varsler ikkje brannvesen, ved eit reelt branntilløp er det derfor svært viktig at dei blir kontakta.

Retningslinjer for arbeid på brannvarslingsanlegg:

Må ein detektor takast ned (for eksempel pga malearbeid o.l.), vil det komme eit feilvarsel i sentralen. Dette kvitterast ut ved å vri om nøkkelen, trykke entertast og 3 for å kvittere ut feilmeldinga. Det er viktig at ein kun kvitterer ut feilmeldinger ein er sikker på at ein har forårsaka sjølv, og at ein noterer i loggboka kva ein har gjort, når det er gjort og kven som har gjort det! Når detektoren blir sett på plass att, vil det komme eit stjernesymbol ‘*’ ved feilmeldinga, det betyr at feilen er borte, og ein kan trykke grønn knapp ‘tilbakestill’ for å fjerne feilmeldinga.

Må ein sokkel eller sirene flyttast skal dette gjerast av registrert installasjonsfirma med relevant kompetanse. Påløpte kostnader som følge av feil bruk eller at retningslinjer ikkje er fulgt, vil bli fakturert eigar av leiligheten der problemet har oppstått.