Kjære alle sameigarar (og leigetakarar) i Mikkalen sameie. Underteiknande vil gjerne be om orsaking for at det har vore dårlig med informasjon frå styret den siste tida. Tenkjer då blant anna på referatet frå det ekstraordinære sameigarmøtet i oktober, som endte med å bli mykje forsinka, men no endeleg er i hamn.
Etter ein hektisk haust, er styret no klare for å brette opp ermane til ein ny vår. Her er ei oppdatering i somme av dei sakene som er viktige for sameiget våren 2018:
Fellesavtale for Internett
På det ekstraordinære sameigarmøtet 10 oktober i fjor blei det bestemt at vi skulle inngå kollektiv avtale for internett via fiberkabel i sameiget. Den siste veka før møtet skjedde det fleire brå vendingar, som hadde innverknad på saka, samanlikna med korleis denne var presentert i innkallinga.
GET kom kort tid før sameiermøtet med eit nytt tilbud, som inkluderte gratis utbygging av infrastruktur og 249 kr/mnd som totalpris per husstand for den standard internettpakken. NextGentel, som i utgangspunktet hadde gitt det rimelegaste tilbudet såg seg nødt til å justere sin pris opp etter befaring, til 378 kr/mnd (med utbygging av infrastruktur).
Vedtaket på møtet blei at sameiget skulle inngå avtale med GET. Vi har seinare signert kontrakt, og påbegynt arbeidet med å få lagt fiberkabel til bygget. Tentativ oppstartsdato for internettleveranse vil vere den 1. april 2018. Dette betyr at vi vil råde alle til å ikkje inngå nye avtalar med lang bindingstid for internett, og undersøke kva vilkår ein har i eksisterande avtalar.
Meir informasjon om utbygging og installasjon av kontaktpunkt i dei ulike einingane vil kome i byrjinga av vårsemesteret. Kjetil Kjørstad er kontaktperson for styret i denne saka, og har den kontinuerlege kontakten med prosjektleiar hos GET.
Vi har inngått avtale for Kollektiv 50 Mbps, som inneber følgjande vilkår:
- Get AS har eksklusiv rett til å inngå kollektiv avtale på digital-tv og bredbånd i Avtaleperioden.
- Get bygger fibernett til sameiet, Get har bruksrett på det interne fibernettet i hele avtaleperioden (5 år). Fibernettet er sameiets eiendom.
- Get leverer IP-telefoni som kan velgast som individuelt tillegg av sameigarar som ynskjer det.Beboerne i sameiet får spesialpris 99,- for abonnementet FREETIME.
- Beboere som ynskjer START-pakke på tv kan individuelt bestille dette for 299,-. START-pakken leveres da med mikroboks.
- Sameiet kan innkalle Get til møte hver 12 måned hvor vi sammen går igjennom produktene og sikrer at de er i tråd med markedet og beboernes behov.
- Utover den kollektive avtalen har kvar enkelt husstand moglegheit til å oppgradere til høgare hastigheit ved behov. Opptrappingsstigen er som følgjer:
Auke i felleskostnader 2018
I tråd med vedtaket frå sameigermøtet i april 2017 (Sak 6.1) blei felleskostnadane oppjusterte med 2,5% frå 01.01.2018. Denne auken ligg inne som ei fast årleg justering, dels fordi dette synest naudsynt for å halde tritt med utvikling i konsumprisindeksen generelt i samfunnet og dels fordi det er behov for å spare opp meir midlar til større vedlikehaldsprosjekt dei komande åra.
Frå og med april vil også grunnkostnaden per husstand for tilkobling til internett via GET (altså 249,-) leggast inn som del av felleskostnadane. Denne auken vil kome til behandling som ei eiga sak på neste ordinære sameigarmøte, våren 2018.
Status for vedlikehald
Som dei fleste nok har fått med seg, er det eit betydeleg etterslep på naudsynt vedlikehald på bygget. Hausten 2018 har styret henta inn mange tilbud og skaffa oversikt, men det har vore trått å kome i gong med prosjekta. Dels fordi vi sjølve har hatt lite arbeidskapasitet til å følgje opp, og dels fordi handverkarar og entreprenørar også på si side har vore vanskelege å oppretthalde kontakten med. Vi vil gå fatt med ny giv på desse sakene våren 2018. Her er ei liste over dei tiltaka styret jobbar med nett no (utover det større prosjektet knytt til fasade og vindauge, som er omtalt i neste avnsitt):
-
- Måling av oppgang i nr. 28 er no gjennomført.
- Saka knytt til utskifting av utvendige og innvendige stoppekranar i fellesareal er stadig undervegs.
- Vi har hatt befaring og tinga arbeid knytt til utbetring av lekkasje og dårleg murpuss rundt skorsteinar på fellesloft i nr. 28 og nr. 32.
- Vi har innhenta tilbud og avtalt utskifting av golvbord på tørkeloftet i nr. 32.
- Vi har innhenta fleire tilbud på utskrifting av trappa i hagen mot Lien ved nr. 28
- Det ligg føre ein plan for utskifting av elanlegg i fellesområde, kjellar og loft.
- På litt lengre sikt er det ynskje om å skifte ut porttelefonsystemet. I alle fall panela ved inngangsdører.
Vi avventer å sette i gang fleire større vedlikehaldsprosjekt til dette er fullført, slik at vi beheld god oversikt over den økonomiske situasjonen. Dette synest naudsynt, ikkje minst mht. Utviklinga i saka om vedlikehald av vinduskarmar, som omtalt under.
Kontaktperson for vaktmester og vedlikehaldssaker i styret er Gulli Kristina Sekse. Alle vedlikehaldssaker for fellesområde skal meldast inn via styret, ikkje til Skadealliansen direkte.
Sak om vedlikehald av vindauge/vinduskarmar
Vindauga på bygget vårt (med unntak av nokre vindu i seksjonane på gateplan i Michael Krohns gate) er fra 1984. Den informasjonen styret har klart å spore opp tyder på at de sist med malt utvendig i forbindelse med rehabiliteringen av tak og fasade i år 2000. Det er med andre ord på høg tid at det gjerast vedlikehald og vindauga har teknisk sett utspilt si levetid, som gjennomsnittleg er 20-30 år.
På det ekstraordinære sameigarmøtet 10.10 blei det drøfta korleis ein skulle gå fram vidare i denne saka.
Styret har innhenta tilbud på kva det vil koste å utføre vedlikehaldet ved lift for heile bygget samla. Pristilbudet kom på opp i mot 200.000,- for å gjennomføre måling av vinduskarmane, då det ikkje var mulig å gjere dette uten stilas. Rådet frå målarfirmaet er at sameiget bør vurdere ei heilrenovering hvis det først skal settast opp stilas, sidan stilaset i seg sjølv er ein stor del av kostnaden. Måling av fasaden (alle fire sider) frå samme malerfirma vil komme på 150.000-170.000,-. Den totale kostnaden for maling av fasade og vinduskarmer samlet vil dermed komme på 360.000,- Når ein først vurderer slike summar kom spørsmålet på bana om desse vindauga og vinduskarmane i det heile tatt var verdt å redde, eller om ein også burde ta sikte på å skifte vindauga. Vi manglar konkrete tilbud på dette, men dersom vi går utifrå at dette vil koste langt meir enn det beløpet sameiget har til disposisjon på konto per i dag, særlig hvis ein også tek høgde for dei andre vedlikehaldsprosjekta som er på trappene.
Sameiermøtet konkluderte med følgjande:
- Styret skal finne prisestimat for full renovering av fasade i tillegg til skifting av vinduer til vurdering som eiga sak på neste sameiermøte mars/april 2018.
- Dei som har hatt utgifter knytt til vedlikehald av vindu for eiga rekning tidlegare kan søkje om å få dette refundert av Sameiet. Dette for å sikre rettferdig kompensasjon.
Refusjonssøknadar kan sendast til styret@mkgt.no. Frist for innsending: 1. mars, 2018
Søkjer nye medlemmer til styret våren 2018
Det er bruk for nye krefter til å føre arbeidet med sameiget vidare i året som kjem. Grunna sjukdom har vi hatt eit fråfall i løpet av året, og vi ser at det ville vore bra å få inn minst ein, og gjerne to nye medlemmar til dyst i 2018/19.
Arbeidet og ansvaret er variert, og fleksibelt i høve til arbeidskapasitet i ulike periodar. Som styremedlem vil du få god oversikt over status for eigendommen, og ulike tiltak som er planlagt, du vil få sjansen til å påvirke eige bomiljø og korleis Sameiget sine felles ressursar blir forvalta. Det er òg moglegheit til å delta på kurs i regi av BOB som gir styrka kompetanse. Det er ingen krav til spesifikke forkunnskapar for å stille. Styret held møter ca. ein gong i månaden, og fordeler elles oppgåver som dukkar opp mellom oss gjennom året. Verv i styret er honorert, i tråd med vedtektene.
Dersom du ynskjer å vite meir, eller vurderer å stille til valg som styremedlem våren 2018, så send gjerne ein e-post til styret: styret@mkgt.no
Ny eierseksjonslov frå 01.01.2018
Etter 20 år utan vesentlege endringar trådte ei ny “Lov om eierseksjoner” i kraft frå den 1. januar 2018. Styret råder alle sameigarar å ta ein kikk på den nye lovteksten. Vi vil sjølve òg bruke tid på å sette seg oss inn i endringane no framover. Gjennomgang av lovendringane, og eventuell justering av vedtekter og eksisterande praksis vil bli ført opp som sak til neste ordinære sameigarmøte, våren 2018.
Sameigarmøte våren 2018 blir den 20. mars
Formell innkalling til vårens sameigarmøte, med informasjon om saksliste, lokale og klokkeslett vil bli sendt ut omkring den 1. mars. Sett av datoen tysdag 20. mars alt no. Møtet vil bli halde etter arbeidstid, slik at flest mogleg har høve til å møte. Dersom nokon allereie no har forslag til saker som burde kome med på dagsorden, utover dei som er nemnt over, tek vi gjerne imot innspel til dette på styret@mkgt.no.
Med dette vil vi ynskje eit godt nytt år for sameiget og alle beboarar!
Beste helsing
på vegne av styret,
Hjørdis Maria Longva