Alle innlegg av Hjørdis Longva

Ord. sameigarmøte for Mikkalen Sameie

Styret inviterer til sameigarmøte tysdag den 20. mars, kl 18:00-20:00. Møtet blir halde i Cyriax Clinic AS sine lokaler i Fjøsangerveien 57, på Danmarksplass.

Hugs at dersom du (seksjonseigar) ikkje kan stille sjølv, er det mogleg å gi fullmakt vidare til ein annan representant. Leigetakarar har ingen stemme- eller talerett, men kan vere med på møtet som tilhøyrarar ved ynskje.

Innkalling med alle vedlegg som .pdf finn ligg her.
Sakspapira er òg sendt ut per post.

DAGSORDEN:
* Konstituering
* Jon Audun Brøske fra Get orienterer om status for internettutbygginga i sameiget
* Godkjenning av styrets rapport for 2017
* Godkjenning av årsregnskap 2017 og budsjett 2018
* Vederlag til styremedlemmer
* Valg av styre for Mikkalen Sameie
* Auke av felleskostnader
* Sak om vedlikehold av vinduer og renovering av fasade
* Status for vaktmestertjenester og vedlikehold
* Ny lov for boligsameier trådte i kraft 1. Januar
* Orientering om vårdugnad 14. april

Håper så mange som mogleg har høve til å vere med på møtet.

Det blir servert enkel møtemat, mineralvatn og kaffi.
Vel møtt!

Nyttårshelsing frå styret

Kjære alle sameigarar (og leigetakarar) i Mikkalen sameie. Underteiknande vil gjerne be om orsaking for at det har vore dårlig med informasjon frå styret den siste tida. Tenkjer då blant anna på referatet frå det ekstraordinære sameigarmøtet i oktober, som endte med å bli mykje forsinka, men no endeleg er i hamn. 

Etter ein hektisk haust, er styret no klare for å brette opp ermane til ein ny vår. Her er ei oppdatering i somme av dei sakene som er viktige for sameiget våren 2018: Fortsett å lese Nyttårshelsing frå styret